Mobbeombud i Vestland

Aina Drage er mobbeombod for barn og unge i Vestland, og jobbar for at barn skal ha det trygt og godt i barnehagen og på skulen

 Mobbeombodet kjenner barn og unge sine rettar og kan fortelje korleis ein skal gå fram om eit barn ikkje har det bra i barnehagen. Mobbeombodet har teieplikt og  jobbar på sjølvstendig grunnlag, det vil mellom anna seie å vere uavhengig av barnehageeigar.

 

Mobbeombodet er først og fremst tilgjengeleg for barn, unge og føresette. Styrarar, barnehagelærarar, helseteneste og andre som arbeider med barn og unge er også velkomne til å drøfte saker (anonymt) med mobbeombodet.


Du finn meir informasjon på www.vlfk.no/mobbeombodet

Kontakt
Du når mobbeombodet på telefon og e-post. Gjeld det enkeltsaker vil eg helst snakke med deg, då unngår vi sensitiv informasjon på e-post.

Telefon: 57 300 333 / 91879092

E-post: mobbeombod@vlfk.no

 

Facebook: www.facebook.com/mobbeombod

Instagram: www.instagram.com/ombodvestland

Info: www.vlfk.no/mobbeombodet