Nytt år og Nytt navn

NLM-barnehagene har bytta navn og logo, og vart frå og med 1. januar 2024 til Preg barnehager

Misjonssambandet sine 38 barnehager har til no vore organisert under navmnet NLM-barnehagene. No byttar organisasjonen namn til Preg barnehager og alle barnehagane vil heite Preg barnehager kombinert med sitt eige stdsnamn.

Vi avsluttar med dette ein lengre fornyingsprosess som har gått over fleire år, kor både namn og visjon har blitt ny.

Visjonen “Sammen om å sette verdifulle spor” var utgangspunktet for det nye namnet.

 

– Namnet fortel kva vi gjer – vi ynskjer å prege barna og sette verdifulle spor i barnet og familiane sine liv.

 

I Øygarden kommune har vi tre Preg barnehager. Preg Blomvåg, Preg Straume (tidligare Løveparken) og Preg Toftøy.

 

Vi er stolte av det nye namnet og den retninga vi tek, og vi ser fram til å halde fram med å sette verdifulle spor i barna sine liv.

 

No er det det nye namnet vårt som kjem til å dukke opp i søkjarportalen til kommunen.

 

Vi er framleis dei same. Innhaldet, dei tilsette, verdiane og kvaliteten er uendra. Det er berre namnet som er nytt, og enda meir tydeleg fokus på å «Prege» og å sette verdifulle spor i barna sine liv.